Tysk
Innan fagområdet tysk språk vert det jobba med praktisk tysk, fordi ein mest effektivt lærer språk ved å bruke det aktivt i ulike situasjonar og sjangrar. I tillegg lærer du lingvistikk, først og fremst grammatikk, for å gi deg ei systematisk tilnærming til språket. Viss du planlegg å bli tysklærar er det lettare å instruere andre når du har ei forklaring på kvifor noko er riktig og noko er galt.
I litteraturdelen av studiet får du ei fordjuping i perioden frå 1750 og til i dag. Vi les Goethe, Mann, Kafka og Bachmann, men også alt heilt nye forfattarar og tyskspråkleg fantasylitteratur. Du får erfaring med nærlesing av tekstar, diskusjon av tekstane i grupper og oppgåveskriving.
- Du lærer å kommunisere på eit framandspråk og ta del i ein annan kultur.
- Du blir trygg i dine språkferdigheiter og blir i stand til smidig kommunikasjon som opnar dører og skaper moglegheiter og handlingsrom.
- Du lærer å orientere deg i eit vidt spekter av tekstar for så å formidle innhald vidare i et klart og effektiv språk.
Kommende startdatoer
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...